www.norskboka.no

Segner om Heilag-Olav frå Verdal

Ein gong Olav den heilage kom til Leksdalen, såg han kor tungvint folket der hadde det med det breie vatnet og den veglause Klingen; som beint fram stengde av folket frå resten av Verdalen. Då gjorde han bøndene der borte det tilbodet at han skulle byggja veg gjennom Klingen og bru over vatnet, mot at han skulle ha eit kalvskinn av kvar bonde. Det vart dei då samde om, og han tok så til å byggja. Men då han hadde arbeidt ei tid, kom det ein dag ein mann som sa at hjå seg fekk han ikkje noko kalvskinn, og då vart det slutt med bygginga. Men enno kan ein sjå leivene av den brua han bygde. Frå Buneslandet går det ut ein grunne om lag 100 meter eller så ut gjennom vatnet, og han er laga som ein veg.

 

Då Olav den heilage var i Klingen ein gong, vart han både trøtt og tørst, for det var både bratt og ulendt der. Då tala han til berget, og straks sprang det fram ei kjelde beint ut or harde berget. Denne kjelda vert kalla for Olavskjelda den dag i dag.

 

På Bjartnes låg det ein stein som var som ein bolle på skap. Det er fortalt at Kong Olav prøvde å laga ein drikkebolle av denne steinen; men han vart ikkje ferdig med arbeidet.

 

Då Olav den heilage skulle over Trongdøla, leidde han hesten sin over elva, og der kan ein enno sjå djupe far etter både hest og mann side om side i harde steinen.

 

Nede på flatene nedanfor Stusjen låg eit jordstykke som vart kalla Olsåkeren. Namnet hadde han fått av at der hadde Olav den heilage gått då han for til Stiklestad. Der var der han gjekk over elva. Ofte sa folk dei kunne sjå det brann lys nede på Olsåkeren. Det var eldtunger som brann over fotspora der kong Olav hadde gått.

 

Det finst ikkje orm mellom Verdalselva og Stjørdalselva. Det kjem av at Olav den heilage ein gong mana all ormen der inn i eit stort bål, og sidan har det ikkje funnist orm der. Ein gong kom det ein mann med eit høylass frå Bjørja, der det finst orm, og skulle over Verdalselva med det. Men då han kom midt ut på «Ørbrua», for det ein orm ut or lasset og skunda seg attende.

 

Det var ein fiolinist som heitte Rostad. Han hadde vori i følgje med Ole Bull i Russland. Men i Sankt Petersburg hadde dei roki uklar, og Ole Bull hadde jaga han frå seg. Då reiste Rostad heim. Han tok vegen over Nord-Sverige, og der vart han sjuk. Og etter som han kom lenger og lenger vestover, vart sjukdommen verre og verre. Til slutt kom han fram til Verdal; og då var det berre så vidt han greidde å koma fram til Stiklestad. Der stod Olavs-stytta oppe på ein haug, og dit tok han vegen. Han kraup opp til stytta og kom seg til slutt så langt at han rørte borti ho. Og straks var han heilt frisk. Det var som sjukdommen var stroken av han.

 

(Fra Norsk folkedikting, bind 3, Segner, 1963)

 

Varulv

For hundre år siden ble et kjærestepar uenige i Tanadalen. De var fjellsamer, og gutten var gandkar. Da kjæresten hans gikk fra ham, hevnet han seg og gandet henne til ulv. I fem år skulle hun flakke rundt i ulveham, før hun igjen fikk bli menneske.

Det gikk en tid. Så la folk merke til at en ulv med pikebelte begynte å vise seg rundt i bygdene. Ulven kom også til Porsanger og ble ofte sett der. Den lusket rundt gårdene og jaget katter og hunder, som den spiste opp. Større dyr holdt den seg unna.

Det var mange som skjøt på denne ulven, men ingen traff den. I Østerbotn hadde Josef Nyby slått seg ned. Han så ulven flere ganger luske omkring og jage etter katten hans. En kveld lurte han seg da inn i fjøset og satt der med geværpipen i fjøsgluggen. Utpå natten kom ulven luskende. Josef siktet nøye og skjøt da ulven var på kloss hold. Men den gjorde et hopp i luften og sprang unna.

I Lakselvdalen ble folk redde for denne ulven med pikebelte. Den ble mer og mer nærgående. Men det var bare katter og hunder den spiste.

Så dro den tilbake til Tanadalen. Der ble den skutt av faren til gutten som hadde gandet henne. Da han kom bort til ulven, var den ennå ikke død, og nå snakket den: «Hadde æ fådd levd to år til, så hadde æ igjen blidd menneske. Du kan hilse han Jon ifra mæ at æ angre at æ svek han.

(Fra Troll og trolldom, Norsk Folkeminnelags skrifter 101, 1968)